KonsertArra-
ngørene

SmåKonsertArrangørene

Kom på konsert i kjelleren til Leffi på Varatun gård

Kom på konsert i kjelleren til Leffi på Varatun gård

Jarle Obrestad Avlyst

i kjellaren t Leffi.

23. jan. 2021 spillte Jarle Obrestad Avlyst

Konsert dato var: 23.01.2021
Konsertsted var: I Kjelleren til Leffi på Varatun Gård Se kart.

Pris var: Kr. 250,-

JÆRSKE RØTTER
Saman med tekstforfattar Helge Torvund og produsent Jørgen Manke, har Obrestad jobba iherdig i eitt år for å utvikle ei unik lyttaroppleving. Spesielt samarbeidet mellom Obrestad og Torvund har vore både intenst. Om det er Obrestad som sender ei lydfil til Torvund fyrst, så lytter han til musikken og ser kva ord som kjem ut av den. Om det er Torvund som sender ein tekst til Obrestad fyrst, så klarer ikkje Obrestad å legge den ifrå seg før han har fått ein melodi på plass. Det har skapt ein unik dynamikk mellom dei to, og har denne gong resultert i eit album med elleve spor.
Obrestad påpeiker at han ikkje venter på at inspirasjonen skal kome vandrande, men at han jobbar iherdig med å ha ein mental innstilling om å fortsette med arbeidet uansett inspirasjonsnivå, og at han ikkje gir seg før han har eit ferdig album i hendene.
Tekstforfattar Torvund seier dette om albumet:
«Med sterke trådar attende til norsk folkemusikk – og samstundes med tekst og tonar godt planta i jærsk jord og i noko av det beste i samtidas musikk, har Jarle Obrestad skapt eit album med klang og tematikk som bør kunna nå langt utover det lokale. Å få lov til å bidra med tekstar til eit så solid og gjennomarbeidd album som dette har blitt, har vore ein svir og ei glede for ein gammal bassist. Lytt på livet!»
– Helge Torvund

Medvirkende musikkere: